HAMNAVIKA FERIEHYTTER

                                                       

Vi har 2 høgstandar hytter ved det fiskerike Jølsteravatnet i Sunnfjord. Dette er eit ypperleg utgangspunkt til å oppleve det vakre Fjord Norge med bil eller sykkel. Her kan du fiske ørret i Jølstravatnet eller i eit lite fjellvatn i nærleiken. Fiskekort få du kjøpe hjå oss. Her er tilrettelagt med mange merka turstiar til dei flotte fjella i området. Vil du oppleve breen, kan vi hjelpe deg med å kontakte guidar som tek deg med opp dit. Vil du ha litt meir spenning, kan du kansje prøve rafting i Jølstra.

Om vinteren kan du besøke skisentera på Vassenden (ca. 1/2 time med bil) eller Utvikfjellet ( ca 3 kvarter med bil ). Her er det flotte forhold for både alpint og langrenn. Skisenteret Hodvekle i Sogndalsdalen er heller ikkje meir en ein time unna. Ønsker du toppturar, er her mange populere toppar og velge mellom. Vi kan stille med guid til både Grovabreen og Ola Hansen.